Hopp til innhold

Har stengd E16 for tunge bilar

Flaumen forrige veke fører no til nye vanskar for trafikken. E16 er stengd ved Evanger i Voss kommune. Dette gjer at alle bilar på veg frå Indre Sogn til Bergen med ei vekt over 7,5 tonn anten må køyre via Hardanger eller via Ytre Sogn og Lavik - Oppedal.