Hopp til innhold

Ras mellom Dyrstad og Svelgen

Fylkesveg 572 mellom Svelgen og Dyrstad i Bremanger er stengd grunna eit større steinras ved Klyvern. Vegtrafikksentralen opplyser at dei vil ha ein geolog til å sjå på rasstaden. Derimot er fylkesveg 616 mellom Davik og Dombestein og fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll opna. Vegane har vore stengd grunna rasfare.

Ras mellom Dystad - Svelgen
Foto: Statens Vegvesen