Hopp til innhold

Laks rømde under avlusing

Mykje laks på fire-fem kilo rømde frå Firda Sjøfarmer før helga. Dette skjedde i samband med avlusing i Askvoll. Det skal ha blitt hol i nota, skriv Bergens Tidende. Vidar Ulriksen i Fiskeridirektoratet seier dei blei kontakta av oppdrettaren då rømminga skjedde. Det er førebels uvisst kor mykje laks som har rømt. Det var avisa Firda som først skreiv om saka etter at lokale fiskarar hadde fått store mengder laks i Stongfjorden.