Hopp til innhold

Kan bli ny Statoil-sjef

Steinar Våge frå Vågsøy kan vere ein aktuell kandidat til å bli ny Statoilsjef, skriv Dagens Næringsliv. I går vart det kjent at Helge Lund går av som toppsjef i Statoil etter ti år. Våge er Europa-direktør for ConocoPhillips, men kan no vere aktuell i Statoil sin sjefsstol.