Hopp til innhold

Arbeidsulukke i Loen

Ein mann er skadd etter at ein dumper velta i Loen om lag klokka 16.40. Mannen var førar av dumperen og arbeidde med rasførebygging i området over Hotel Alexandra. Det er førebels uvisst kor hardt skadd mannen er, opplyser operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.