Hopp til innhold

To fekk utslag for promille

UP har i føremiddag hatt promillekontroll i Florø sentrum. 45 bilførarar vart kontrollerte. To førarar vart tekne med til lege for blodprøvetaking etter utslag på lågpromille. Førarkorta vart ikkje kverrsette. I tillegg vart ein førar halden tilbake ei stund, då han fekk utslag like under lovleg promillegrense.