Hopp til innhold

Redde for kraftlinje

Innbyggjarane i Øyragrendi i Sogndal er redde for strålinga frå eit framtidig fjordspenn frå Øyrafjellet over Sogndalsfjorden til Venes, skriv Sogn Avis. Dei ber om at eit anna alternartiv, via Stedjeåsen, blir vurdert. Men ordførar Jarle Aarvoll seier til avisa at det ikkje er aktuelt.