Hopp til innhold

Trafikkuhell i Førde

Klokka 02.40 i natt rykte naudetatane ut etter melding om trafikkuhell ved Ervika på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal. Det viste seg at ein bil hadde køyrd i betongkanten på sida av vegen. Ingen personar vart skadd i uhellet, og det er ikkje mistanke om rus.