Hopp til innhold

Høg fart i Stryn

Ei sivil politipatrulje målte i ettermiddag eit køyretøy til ein snittfart på 104 km/t i 80-sona vestover frå Stryn på Riksveg 15. Føraren av bilen, ein mann i 20-åra, vedtok eit forenkla førelegg på 4900 kroner og tre prikkar. Køyretøyet blei målt over ein strekke på 2,5 kilometer.