Hopp til innhold

Bilbrann Fjaler

Seint torsdag kveld rykte brannvesen, helsepersonell og politi ut etter melding om brann i ein bil i Korssundet i Fjaler. Bilen stod tett inn til bustadhuset. Personen som melde brannen klarte å halde flammane nede til brannvesenet kom og fekk kontroll. Berre bilen vart skadd.