Hopp til innhold

Kreftframkallande stoff i fôret til norsk oppdrettslaks

Tonnevis av oppdrettslaks har fått i seg fiskemjøl med for høge verdiar av det kreftframkallande middelet HCB. Mattilsynet meiner fiskemjøl frå Peru aldri skulle blitt brukt til fôr Norge. Alle dei tre store norske produsentane er involvert i gifttabben.

Tonnevis av oppdrettslaks har fått i seg det kreftframkallande middelet HCB. Mattilsynet meiner fiskefôr frå Peru aldri skulle blitt brukt i Norge.

SJÅ TV-SAKA: Heksaklorbenzen er eit kreftframkallande stoff som har hamna i fiskemjølet som vert brukt til fôr til norsk oppdrettslaks. Foto: Arne Stubhaug/Redigering: Steinar Lote.

Mette Kristin Lorentzen, seniorinspektør i Mattilsynet

ALVORLEG: Mette Kristin Lorentzen i Mattilsynet seier stoffet HCB kan vere helsefarleg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det her er ei miljøgift, og i tilstrekkeleg høg konsentrasjon kan den ha negativ effekt på helsa. Den kan gje kreft og påverke sentralnervesystemet, seier Mette Kristin Lorentzen, seniorinspektør i Mattilsynet.

Dei har no fått ei alvorleg sak på bordet. Informasjon frå fiskefôr-bransjen sjølv fortel at noko har gått gale. For mykje av det forbodne og kreftfarlege stoffet Heksaklorbenzen (HCB) har hamna som ingrediens i foret til norsk oppdrettslaks

Mattilsynet vil nekte dei å bruke foret med stoffet som vart forbode i EU i 1981, men Ewos i Florø og to andre produsentar har engasjert advokatar for å få lov.

Den kan gje kreft og påverke sentralnervesystemet.

Mette Kristin Lorentzen, Mattilsynet

Allereie brukt i fiskefôr

Oppdrettsfisken langs norskekysten har fått fôr som inneheld fiskemjøl frå Peru. Utilsikta har mjølet fått verdiar av miljøgifta HCB over grensa for kva som er tillate.

Mjølet har igjen blitt brukt i 100 000 tonn fiskefôr frå tre norske produsentar, Ewos, Skretting og BioMar.

Ewos

FÔR: Fiskemjøl som norsk oppdrettslaks har fått i seg inneheld for høg konsentrasjon av HCB.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Regelverket seier at det er ein grenseverdi for HCB både i fôr-ingrediensane som vert brukt i fôr, og for fôrblandinga. Her er det slik at fiskemjølet har eit høgare innhald enn fôringrediensane fiskemjøl har lov til å ha, forklarar Lorentzen, som legg til at det ferdige utblanda fiskeforet har hamna under grenseverdiane.

Kom truleg inn via jernklorid

HCB innhaldet i fiskemjølet frå Peru, kom truleg inn via tilsetting av jernklorid. Produksjonen av fiskemjøl- og olje i Peru har tidlegare fått kritikk for å sleppe store mengder avfall ut i nærområda langs kysten.

For å rense og gjenvinne avfallet har industrien tilsett jernklorid i fòret for å lette utskillinga av avfall. Ein teori er at jernkloridet har inneheldt HCB, eller at det har skjedd ein kjemisk prosess der HCB har blitt danna.

HCB innhaldet vart fyrst oppdaga av fiskefòr produsenten Skretting, som varsla Mattilsynet og dei andre fòrprodusentane. Men dette var fyrst etter at store mengder fòr alt hadde blitt fiskemat.

Berre frå fiskefòr-produsenten Ewos sin fabrikk i Florø har det gått ut 27 000 tonn fôr som inneheld fiskemjølet frå Peru.

Men både bransjen og Mattilsynet understrekar sterkt at oppdrettsfisken likevel ikkje skal vere farleg for menneske, det er òg teke prøver av laksen. Årsaka er at det farlege fiskemjølet berre er blitt brukt som ingrediens, og dermed fortynnast verdiane i den ferdige fòrblandinga.

Vil bruke opp fôret

– Vi har fått inn ei råvare som ikkje skulle vere på marknaden etter regelverket, men det er ikkje alvorleg i den forstand at det er ei mattryggleikssak. Vi legg stor vekt på at vi skal følgje lovar og reglar til punkt og prikke, seier Karl Tore Mæland, kvalitetsdirektør i Ewos.

Karl Tore Mæland, kvalitetsdirektør i Ewos

VIL IKKJE SLØSE: Karl Tore Mæland, kvalitietsdirektør i Ewos seier dei ikkje berre kan kaste god mat.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men i eit brev frå deira advokat krev fôrprodusentane at Mattilsynet skal gi dispensasjon til å bruke vel 1000 tonn for som ligg att i karantene, og som inneheld det ureina fiskemjølet.

Argumentet er at når mjølet er utblanda i ferdig laksefôr er verdiane av miljøgifta samla sett under faregrensa.

– Det er jo og snakk om ressursar. Ein skal jo ikkje berre kaste god mat.

– Men hadde det ikkje vore betre for næringa og omdømet dykkar om ein hadde sagt at ein ikkje ville ha noko med dette fiskemjølet gjere?

– På kort sikt, ja. Vi har ikkje tatt ei avgjerd om vi vil bruke det dersom vi får løyve, men prinsippet kan det bety ein del for oss på sikt, seier Mæland.

Mattilsynet skal ta stilling til om fòrprodusentane får dispensasjon til å nytte fòret som blir vurdert å vere i strid med regelverket.

Får det att på tallerken

Mattilsynet vil ikkje kommentere klagen fordi den er under behandling, og skal kanskje avgjerast denne veka.

Dei har tidlegare vist til regelen om at det er forbode å blande inn ulovlege stoff.

– Når ein vert kjend med eit uønskt stoff i for høg konsentrasjon i noko, så skal det ut av systemet. Viss ein slepp det ut i naturen, vert det berre konsentrert opp att, så får du det tilbake på tallerken din til slutt likevel.

– Difor er det naudsynt å setje i verk tiltak som hindrar utslepp av det. Og det handlar jo om å beskytte miljøet òg, forklarar Lorentzen.