Hopp til innhold

Hurtigruta i retten

Hurtigruten ASA må i haust møte i lagmannsretten. Då skal det avgjerast kva selskapet må betale for å kunne legge til kai i dei 34 hamnene langs noregskysten. I Sogn og Fjordane har Hurtigruten faste anløp i Måløy og Florø. I tingretten vann Hurtigruten fram etter at Stranda Hamnevesen kravde ei auke i hamneleiga på ein halv million kroner. Hamnevesenet anka og saka går for lagmannsretten i Ålesund i oktober.