Hopp til innhold

Auke i Florø – nedgang hos resten

Av dei fire flyplassane i fylket, er det berre Florø lufthamn som har hatt ei auke i trafikken så langt i år. Det syner ei oversikt frå Avinor. I Florø har trafikken auka med 2,5 prosent, medan det ved Førde lufthamn er størst tilbakegang med sju prosent færre passasjerar. Sandane lufthamn har 4,1 prosent lågare trafikk og Sogndal gjekk tilbake med 0,9 prosent.