Hopp til innhold

Sommarski med underskot

Stryn sommarskisenter omsette i løpet av årets tre veker lange sesong for kring ein million kroner. Til Fjordingen seier styreleiar Ola Flo at dei hadde budsjettert med ei inntekt på 1,5 millionar kroner, og reknar med eit underskot på nokre hundre tusen kroner.