Hopp til innhold

Skuldar DSB for faktafeil

Brannsjef i Aurland, Arvid Gilje, rettar kritikk mot DSB sin rapport etter brannen i Gudvangatunnelen. Han seier til Bergens Tidende at rapporten, der DSB mellom anna kritiserer vala som vart gjort, inneheld fleire faktafeil og at mykje av kritikken er basert på misforståingar. Mellom anna skal han ikkje ha vore informert om at det var folk og bilar inne i tunnellen før slokkingsarbeidet var starta.