Hopp til innhold

Roleg sommar for redningsskøytene

Trass strålande vêr og stor aktivitet på sjøen i sommarvarmen har ikkje redningsskøytene som går langs kysten av fylket opplevd større pågang. Redningsskøyta Halfdan Grieg, som ligg i Måløy har hatt 36 oppdrag i juni og juli, noko som er om lag identisk med fjoråret. Også redningsskøyta Utvær melder om ein roleg sommar.