Hopp til innhold

32 på venteliste

32 med lovfesta rett til vidaregåande opplæringstilbod står framleis på venteliste. I dag får dei som ikkje kom inn på førstevalet sitt vite kva skule dei skal gå på til hausten. I fjor var det 90. Assisterande fylkesdirektør for opplæring seier dei er godt nøgd med at så mange har fått skuleønskje sitt oppfylt.