Hopp til innhold

Fire fór for fort i 50-sone

Fire bilistar fekk forenkla førelegg då UP heldt fartskontroll i ei 50-sone i Sandane sentrum fredag. Høgste fart vart målt til 62 km/t. Ein bilist fekk også gebyr for å ikkje ha brukt bilbelte, medan ein annan fekk gebyr for å ha køyrt utan å ha med seg sertifikatet.