Hopp til innhold

Fire køyrde for fort

UP har tysdag ettermiddag hatt trafikkontroll i Førde og omland. Fire bilistar fekk forenkla førelegg for høg fart, høgste fart vart målt til 67 km/t i 50-sona. Tre bilistar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte, ein bilførar fekk forenkla førelegg for å ha brukt handhalden mobiltelefon medan han køyrde, ein person er politimeld for å køyre utan gyldig førarkort, og ein bil vart avskilta fordi vegavgifta ikkje var betalt.