Hopp til innhold

Ny sjanse til opprykk.

Førde sitt damelag i handball vann si 2.-divisjonsavdeling førre sesong, men kom til kort i kvalifiseringa om opprykk til 1. divisjon. No har Selbu trekt seg frå 1. divisjon grunna dårleg økonomi. Det betyr at Førde får ein ny sjanse. Laget skal møte Fjellhammer i ny kvalifisering i august.