Hopp til innhold

FRONT MOT FRONT PÅ KVIVSVEGEN

To personar vart frakta til sjukehus med alvorlege skader etter ein frontkollisjon på E39 Kvivsvegen ved Hjartåbergtunnelen i Volda kommune, det skriv Sunnmørsposten. Det var fire personar involvert i ulukka, som skjedde like utanfor tunnelen. Den er open, men eit augevitne avisa har snakka med seier det er lange køar på staden.