Hopp til innhold

Tap også i andre kamp.

Sandvolleyballparet Geir Eithun og Iver Horrem har tapt sine to første kampar i Grand Slam-turneringa i Stavanger. Etter tap mot ein kanadisk duo torsdag ettermiddag, vart det seinare same kveld også tap mot Kantor og Losiak frå Polen. Settsiffera vart 19–21 og 14–21. Fredag møter den norske duoen eit par frå USA.