Hopp til innhold

Spørsmål om reisestøtte utsett.

Reisemål Stryn & Nordfjord er i akutt pengekrise, og treng ekstra tilskot. Rådmann Ørjan Raknes Forthun har rådd til at kommunen ikkje gir tilskot. Torsdag kan ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, fortelje at saka er utsett. – Vi hadde den oppe i formannskapet, der vi vedtok å vere positiv til å gje støtte, dersom andre kommunar er med på eit spleiselag. Saka vil kome til kommunestyret på eit seinare tidspunkt, seier Bjørlo.