Hopp til innhold

Mann i drukkenskapsarrest.

Ein rusa mann ville ikkje gje seg i Førde sentrum tysdag. Klokka 16 fekk politiet melding om at han var til sjenanse i Førde sentrum, og køyrde han heim. Men mannen kom tilbake. Tysdag kveld kom han tilbake, og denne gongen sette politiet han i arresten. Han vert politimeldt for å ikkje godta pålegg frå politiet.