Hopp til innhold

Fast på fjellet.

Politiet opplyser i ettermiddag at eit turfølgje har gått seg fast på Ryssdalshornet. Dei skal ikkje vere skada, men har bede om assistanse for å kome seg ned att. – Vi er i ein varslingsfase no, og er i ferd med å kalle ut hjelpemannskap, får NRK opplyst frå operasjonssentralen til politiet i Sogn og Fjordane.