Hopp til innhold

Får ikkje kulturpengar

Naturvernforbundet nådde ikkje fram med si klage for å få kulturpengar av fylkeskommunen. Dei hadde søkt om totalt 130 000 i år, for å markere sitt eige 100 årsjubileum, og Verdas Miljøverndag. Dei klaga på det fyrste avslaget, og peika på seg sjølve som ein viktig kulturaktør. Men eit samla fylkesutval har avvist klagen.