Hopp til innhold

Kongeskipet i Dalsfjorden.

Fastbuande og vitjande i Dalsfjorden kunne sundag ettermiddag nyte synet av det 80 meter lange kongeskipet. Skipet var gjeve i gåve frå det norske folk til Kong Haakon i 1947, etter innsamling over heile landet. Kongefamilien nyttar framleis skipet. – Vi kan ikkje avsløre kven som er om bord, men dronninga er på veg nordover for å opne Festspillene i Nord-Norge, så ein kan jo tenkje seg til kven som er om bord, seier kommunikasjonssjef ved Det kongelege hoff, Marianne Hagen, til avisa Firda.

Kongeskipet Dalsfjorden
Foto: Monica Ulltang