Hopp til innhold

Tankbil i grøfta på E39

Ein mjølkebil køyrde like før klokka 17 i grøfta på E39 mellom Sande og Økslandsvatnet i Gaular. Det skal ikkje vere meldt om personskade, men bilberging er rekvirert. Det er fri ferdsle i eitt køyrefelt, og det vil gå kring to timar før vegen blir heilt opna att.