Hopp til innhold

Kaupanger vann

Kaupanger sikra seg årets første siger då dei slo Fløya 2–1 på heimebane. Begge måla til Sognelaget kom i første omgang, og vart sette i mål av Vårin Laila Eriksen Ness og Cecilie Leivdal. Fløya reduserte etter 60 minutt, men det vart også kampens siste mål. Etter sju kampar har berre Kaupanger dei tre poenga dei sikra seg i dag, og ligg på sisteplass på tabellen.