Hopp til innhold

Bråk i Førde natt til sundag.

Politiet fekk to gonger melding om bråk og slåsting i Førde natt til sundag. Ein mann i 20-åra vart slått til av ein eller to andre ved ein utestad. Seinare på natta var tre personar involvert i eit slagsmål. Ein mann måtte til legesjekk etter hendinga. Det er ikkje klart om sakene vert politimelde. Elles har det vore ei roleg natt i fylket; politiet har fått meldingar om enkelte som har fått for mykje å drikke, og har sendt dei heim.