Hopp til innhold

MC-førar framleis alvorleg skadd

Den 50 år gamle MC-føraren som torsdag køyrde i eit busskur på fv. 57 i Hyllestad har framleis status som alvorleg skadd, opplyser Haukeland universitetssjukehus fredag føremiddag. Politiet er i gang med etterforsking av ulykka, men har førebels ikkje starta avhøyr av vitne, og kan difor ikkje seie noko om årsaka til ulykka.