Hopp til innhold

Minst bufaste flyktningar

Berre halvparten av flyktningane som kjem til Sogn og Fjordane bur i den same kommunen fem år etter at dei kom. Det viser ein fersk rapport frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Av dei 141 flyktningane som vart busette i ein av kommunane i Sogn og Fjordane i 2007, budde berre 53 prosent (75 personar) i den same kommunen 1. januar 2012.