Hopp til innhold

Ras stengjer Flåmsbana

NSB melder at Flåmsbana er stengd på grunn av ras ved sporet. Ifølgje NSB skal det vere ein stein som har rasa ned. Det er geologar på veg for å vurdere området, desse skal vere på veg i helikopter. Det er førebels uvisst kor lenge bana vil vere stengd.