Hopp til innhold

Fly tippa under landing

Eit mikrofly med to personar om bord kvelva under landing i Jølster like før klokka 19.00. Flyet køyrde i ein hump då det skulle lande, noko som førte til at det tippa litt, slik at propellen tok nedi bakken. Det resulterte i at flyet tippa rundt og vart liggjande med buken i vêret. Dei to personane som var i flyet kom uskadd frå hendinga.