Hopp til innhold

Braut seg inn i butikk

Politiet i Florø fekk i morgontimane melding om innbrot i ein matvarebutikk i byen. Politiet har pågripe ein person som er mistenkt for grovt skadeverk. Ingenting skal vere stole frå butikken, opplyser politiet.