Hopp til innhold

Kom ikkje med i VM-troppen

Sogndal sin ghanesiske angripar, Mahatma Otoo, var ikkje med i troppen då landslagssjef James Kwesi Appiah i dag tok ut troppen til fotball-VM i Brasil i neste månad. Ifølgje nettavisa modernghana.com er 26 spelarar klare for sluttspelet. Det har vore spekulert i om Otoo, som har spelt godt for Sogndal, ville kapre ein plass i VM-troppen.

Mahatma Otoo
Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix