Drapssikta vurdert som tilrekneleg
Den sikta etter trippeldrapet i Årdal i november i fjor blir av dei sakkunnige rekna som tilrekneleg. Det melder politiet i ei pressemelding. Tre personar vart drepne på Valdresekspressen på fjellovergangen mellom Årdal og Tyin. Ein mann i 30-åra er sikta for å stå bak, han er no varetektsfengsla i fire nye veker.