Hopp til innhold

Ein bil køyrte i elva.

Uhellet skjedde ved Heilevang, mellom Førde og Askvoll. Bilen ligg på taket i elva. AMK opplyser til NRK at to personar var i bilen då han sklidde ut i elva. Begge er sendt til legevakta, men det skal ikkje vere snakk om alvorleg personskade.