Fekk ekstra pengar til planlegging
Stortinget har vedteke ei ekstraløyving som sikrar planlegging av fleire vegprosjekt. Eitt av prosjekta er E39 Bjørset - Skei. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen seier at vegprosjekta kan gjennomførast i tråd med Nasjonal transportplan.