Hopp til innhold

Køyrde i tilhengar bakfrå

Politiet fekk like før klokka 17 melding om at ein bilførar hadde køyrt inn i tilhengaren til bilen framfor seg på Skei. Uhellet skjedde då ein bil stoppa for ein fotgjengar som skulle krysse vegen, og så klarte ikkje bilen bak å stoppe. Ingen personar vart skadde, men bilføraren vert politimeld for hendinga, og førarkortet er beslaglagt, opplyser operasjonsleiar Synnøve Domben ved Sogn og Fjordane politidistrikt.