Hopp til innhold

Losna fortøying på båt

Politiet fekk i dag tidleg melding om ein sjark som låg mot fjæresteinane ved ferjekaia i Askvoll. Båteigar blei varsla og tok seg av båten som ikkje skal ha fått skader. Båten låg fortøyd ved småbåthamna og det er truleg nokon som har losna fortøyingane på båten. Båteigaren har meldt saka til politiet.