Hopp til innhold

NM-gull til Sander Smørdal

Symjaren Sander Smørdal frå Eid sikra seg fredag eit nytt NM-gull. Det skjedde under kortbane-NM i Stavanger, der Smørdal saman med laget frå Bergenssvømmerne vann finalen på 4 x 50 meter medley.