Hopp til innhold

Branntilløp i fritidsbåt

Politiet fekk for kort tid sidan melding om branntilløp i ein fritidsbåt vest av Florø. Det er send ut ei redningsskøyte for å sløkkje brannen. Ifølgje politiet var det to personar om bord i båten, ingen av dei skal vere skadde.