Hopp til innhold

Fekk store skader i møte med hjort

Ein bilførar slapp med skrekken då han i 06-tida måndag morgon køyrde på ein hjort ved Kyrkjebø i Høyanger. Bilen var ikkje køyrbar etter samanstøyten, men det skal ikkje ha vore personskade. Viltnemnda er varsla.