Hopp til innhold

Fiskebåt har fått garn i propellen

Redningsskøyta Halfdan Grieg er på veg for å assistere ein fiskebåt utanfor Stad. Fiskebåten har fått garn i propellen og har ikkje framdrift, opplyser skipper på redningsskøyta, Per Bergmann. Det skal vere tre meter høge bølgjer i området.