1 av 5 fosterbarn får ikkje lovpålagt tilsyn

Eitt av fem fosterbarn får ikkje det tilsynet dei har krav på. – Det er veldig alvorleg. Det kan føre til at barn i fosterheim ikkje har det bra, seier barneombod Anne Lindboe.

Barneombud Anne Lindbo

UTAN TILSYN: Barn mistar ein viktig mogelegheit til å fortelje vaksne om korleis dei faktisk har det, seier Lindboe.

Foto: BArneombudet

Fire gongar i året skal barn i fosterheim få besøk av ein tilsynsførar. Under besøket skal barna sjølv få dele korleis dei har det og fortelje om fosterheimen dei bur i.

Statistikk frå Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet syner at sidan 2008 har minst eitt av fem barn mangla det årlege tilsynet dei har krav på.

– Det er klart at når det manglar tilsyn så er det ikkje lenger ein garanti for at barnet har trygg og god omsorg i fosterheimen, seier Lene P. Vårmartveit, styreleiar i Norsk Forsterhjemsforening.

Mangel på tilsyn og tilsynsførarar

I Sogn og Fjordane manglar 11 av kommunane tilstrekkeleg tilsyn. Nokre av utfordringane er avtalar mellom fosterheim og tilsynsførar, rapportar som ikkje kjem tidsnok og problem med å få på plass vikarar.

Vidar Nytun

TILSYNSFØRAR PÅ PLASS: Vågsøy kommune har no tilsynsførarar til alle fosterbarna.

Foto: Arkiv

I Vågsøy får berre 51,7 % av barna besøka dei har krav på. Barnevernsleiaren i kommunen, Vidar Nytun, seier dei har slite med å få på plass tilsynsførar.

– Bakgrunnen for mangelen på tilsyn var mellom anna sjukdom og permisjon. Vi fekk ikkje på plass ein ny person før i april, men vi har no fullført tilsyn med barna.

Fleire kommunar i fylket som NRK har snakka med fortel om liknande utfordringar. Vårmartveit seier problemet er ein gjengangar nasjonalt.

– Mange gonger er det snakk om økonomi og tilgang på dei som skal føre tilsyn. Det er eit problem å skaffe nok folk, seier ho.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har også sendt brev til kommunane der dei etterlyser tiltak. Rådgjevar i helse og sosialavdelinga, Gunn Randi Bjørnevoll, seier kommunane kjem til å gjere endringar.

– På dei svara vi byrjar å få inn ser vi at dei tek det veldig alvorleg. Dei skal ha opplæring med tilsynsførarane, tilsynsførarane skal vere litt frampå i møte med fosterheimane, og dei skal spørje etter svar når dei ikkje får rapportar innanfor tida.

Problem i heile landet

Mangelen på oppfølging er ikkje avgrensa til Sogn og Fjordane.

– Det er noko som skjer overalt i landet og som har skjedd over ganske lang tid, seier barneombod Lindboe.

Laster kart, vennligst vent...

NASJONALT PROBLEM: Trykk på fylket ditt for å sjå kor stor prosent av fosterbarn som manglar tilsyn.

Ho seier det er store svakheiter i tilsynet som utførast.

– Når det offentlege har tatt over omsorga for eit barn, må vi ha eit kontrollsystem som sikrar at vi veit korleis barnet har det i fosterheimen, seier Lindboe.