Hopp til innhold

Ein av fire foreldre i fylket kjenner til at born vert mobba på nettet

Ein av fire foreldre i Sogn og Fjordane kjenner til nettmobbing.

Internett

NY ARENA: Mobbing blant born og unge har i stor grad flytta seg vekk frå leikeplassen og skulen, og over på internett.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Internett har i løpet av dei siste åra blitt den nye arenaen for mobbing blant born og unge.

I ei fersk undersøking seier ein av fire foreldre i Sogn og Fjordane at dei kjenner til vener av eigne born som har blitt utsette for sjikane eller mobbing på internett.

- Tala syner eit stort samfunnsproblem. Når mobbing blant born vert flytta vekk frå leikeplassen, skulen og idretten til arenaer vi vaksne ikkje har tilgang til, så vert det vanskeleg å kjempe mot problemet, seier administrerande direktør Unn Dehlen i Gjensidigestiftelsen.

På landsbasis seier ein av tre foreldre at dei kjenner til nettmobbing.

- Foreldre følgjer ikkje med

Dehlen meiner foreldre treng kunnskap og støtte til å ta tak i problemet som no har flytta seg heim i stova deira.

- Det er oppsiktsvekkande at eitt av fire born i Norge mellom 10 og 12 år har eigen profil på Facebook, trass i at aldersgrensa der er 13 år. Så godt som alle born og unge over 13 år har eigen Facebookprofil, seier Dehlen.

Likevel følgjer ikkje vaksne med på borna sine aktivitetar i sosiale medium. Berre 18 prosent av foreldra i Sogn og Fjordane sjekkar borna sin profil på Facebook regelmessig viser undersøkinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nettmobbing

FACEBOOK: Unn Dehlen i Gjensidigestiftelsen seier nær alle born og unge over 13 år har Facebook. Det er ein av plassane born vert mobba på internett.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

- Nettet er blitt ein arena for mobbing

Mobbing i sosiale medium på internett skjer i lukka rom gjennom borna sine profiler eller på nettstader som foreldre ofte ikkje kjenner til. Mobbinga er usynleg og ofte anonym.

Av undersøkinga kjem det fram at 96 prosent av foreldra i Sogn og Fjordane meiner at sosiale medium har blitt ein arena for mobbing.

Ifølgje foreldra er det gode haldningar hos born og unge som skal til for å stogge mobbinga. Men verken foreldre eller born tek initiativ til å snakke om oppførsel og mobbing på internett.

Vil kjempe mot nettmobbinga

Undersøkinga om nettmobbing er gjort av Gjensidigestiftelsen, som er den største stiftinga i Norge. Dei siste fire åra har dei delt ut ein halv milliard kroner til samfunnsnyttige formål.

I år ønskjer dei å støtte opp om prosjekt mot mobbing i sosiale medium og på internett.

- Vi veit ikkje om tradisjonelle anti-mobbeprogram fungerer mot nettmobbing. Det er eit stort behov for å vite meir om denne type mobbing, og ikkje minst finne metodar for å stogge det, seier Dehlen.