Hopp til innhold

Ein tredjedel gir seg

14 av dei 39 fylkestingsrepresentantane har takka nei til attval. Det er klart etter at nominasjonsnemndene no har fått svar frå kandidatane.

Jan Olav Fretland, Norunn Lunde Furnes , Frida Melvær og Norvall Nøringset

GIR SEG: Jan Olav Fretland, Norunn Lunde Furnes , Frida Melvær og Norvall Nøringset seier takk for seg i fylkespolitikken etter denne perioden er over.

Ein av veteranane som gjev seg i politikken er Norvall Nøringset frå SV. Han har 16 år bak seg på fylkestinget og 20 år bak seg i Førde-politikken, men no får det vere nok, seier han.

– Når ein har halde på så lenge trur eg alle forstår at det er ganske lang tid med politikk. Om ikkje det har vore på heiltid, er det ikkje langt ifrå. Det kan godt hende andre har meir å gje på ulike måtar, seier Nøringset

Ved valet for fire år sidan skjedde det store mannskapsskifte i fylkespolitikken, då 23 av 39 slutta. Mellom anna slutta 7 av 11 både i Senterpartiet og Ap, og heile 4 av 5 i Høgre.

– På tide med SV-skifte

Utskiftinga denne gongen blir mindre, men heile SV-gruppa på 2 bli fornya. Også Jan Olav Fretland som overraskande kom inn ved sist val på grunn av mange personlege stemmer, har takka nei til renominasjon for SV.

– Eg trur det er på tide at SV også skiftar folk i toppen i fylkespolitikken, seier Nøringset.

Bom for Førde Arbeidarparti

Gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Nils P. Støyva trekker seg også frå fylkespolitikken etter 8 år. Støyva, som også var ordførar i Stryn i 12 år, er no tilsett som LO-sekretær i fylket, og finn ikkje at det går han å kombinere med fylkespolitikken.

– Formelt sett kunne eg ha fortsett, men eg vurderer at eg ville fått habilitetsproblem i nokså mange saker, og difor vel eg å prioritere jobben som den fremste tillitsvalde for LO-organiserte i Sogn og Fjordane.

Også Eva Hage Solstad har takka nei til attval i Ap, medan Førde lokallag sjølv vraka sin sitjande representant Jorunn Kirketeig trass i at ho ønske renominasjon. Grunngjevinga for lokallaget var at ein annan kandidat skulle gje Førde ein høgre plass på lista enn den 6.-plassen Eide Kirketeig hadde hatt.

Det slo ikkje til på nominasjonsnemnda sitt første utkast til liste.

Gjerland ut, Djuvik blir

I Høgre gjev Olin Henden og Frida Melvær seg.I Senterpartiet gjev leiaren av kulturutvalet, Nils Gjerland seg. Det same gjer Bjørg Bergheim og Anita Nybø.

Av Frp sine tre representantar ønskjer Frank Willy Djuvik og Rita Navarsete å halde fram.

Britt Hilda Dalsbotten har takka nei til ein plass blant dei tre fremste på lista.

Vil gje rom for yngre krefter

Også KrF har tre representantar. Der takkar Norunn Lunde Furnes for seg etter tre periodar, grunna full jobb, og verv både som kommunepolitikar og fylkespolitikar.

– Det vert jo ein livsstil, men det er også mykje arbeid. No er det rett at yngre får ta over, i alle fall på fylkestinget.

Ho seier ho har fått tillit frå alle lokallaga, men vil likevel sikre rekrutteringa ved å gje seg no.

– Vi kan ikkje ha dei same heile tida. Vi må ha nye folk, og eg må gje rom for dei. Det ynskjer eg, seier Lunde Furnes.

I KrF seier også Olav Klungre nei, etter berre ein periode.

Går mot «ja» frå Bjørlo

I Venstre seier både tidlegare fylkesleiar Marit Barsnes Krogseter og Klaus Iversen nei til å halde fram.

Alfred Bjørlo har enno ikkje gjett sitt endelege svar, men etter det NRK forstår hallar det imot at han blir med vidare. Ved sist val hadde han ingen planer om å bli fylkestingsrepresentant. Han skulle bli Eid-ordførar og ikkje noko anna. Men frå 24. plass på Venstre si liste sanka han så mange personlege stemmer at han vakna opp etter valet som fast fylkestingsmedlem.

Nominasjonane i dei ulike partia kjem utover hausten, og kven som kjem inn i det nye fylkestinget er det til sjuande og sist veljarane som avgjer.