Hopp til innhold

1 av 3 kjem ikkje inn med nye krav

Ein av tre lærarstudentar i Sogndal ville ikkje ha kome inn dersom kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sine karakterkrav hadde vore innført i dag

Studieopning på Høgskulen

EIN AV TRE: Av lærarstudentane i denne folkemassen vill ein av tre ikkje stått her ved studieopninga i haust, dersom dei nye karakterkrava frå utdanningsministeren hadde vore innført.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Osvald Løkkebø, instituttleiar for lærarutdanninga i Sogndal, er skeptisk til karakterkrava for studentar som vil studere for å bli grunnskulelærarar.

– Vi har ingen forsking som tyder på at ein student som har inntak på ein karakter 4 i matematikk er betre enn ein lærar som har 3 frå vidaregåande skule. Ingen forsking syner at det er ein forskjell på kor gode dei lærarane blir.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H)

SKJERPAR KRAVA: Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Som eit ledd i å auke kvaliteten på norske lærarar, vil kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen skjerpe krava for kunne ta lærarutdanning.

Eit minstekrav på fire i matematikk frå vidaregåande skule skal gjelde allereie frå studiestart hausten 2016.

Ein tredel av dagens studentar i Sogndal ville då ikkje ha kome inn.

Avviser dårleg nivå

Ministeren vurderer også å innføre krav om minimum fire i norsk, men når dette blir innført er så langt usikkert. Med eit slikt krav ville godt under halvparten av dagens lærarstudentar i Sogndal ha kome inn.

– Vi faktisk nede i 44 prosent av studentane som hadde karakteren 4 eller betre i norsk, seier Løkkebø.

– Men er ikkje dette teikn på at det faglege nivået på studentane i Sogndal rett og slett er for dårleg?

– Det vil eg på det sterkaste avvise. Vi har eit veldig godt nivå og god gjennomstrøyming på våre studentar.

Andre fag kan følgje

Høgre-politikar Henrik Asheim i Utdanningskomiteen på Stortinget, seier norsk og andre krav kan om karakteren 4 kan følgje.

– Vi skal byrje med matte no i 2016, og så skal vi sjå korleis det slår ut. Så er målet å innføre 4 i norsk, og eventuelt også i engelsk for å kome inn på lærarutdanninga, seier Asheim.

– Er det riktig at vi har eit læraryrket, eit yrke som er noko av det viktigaste vi gjer i samfunnet, der det held å ha 3 i norsk, matte og engelsk for å komme inn, spør Asheim.

– Stryk i matte

Henrik Asheim

UNDERSKOT: Henrik Asheim er ikkje redd for lærarunderskot.

Foto: Høyre

– Vi trur ikkje ein kan vere ein så god lærar at ein kan lære bort noko ein ikkje kan sjølv.

Asheim seier matematikk er ei svært viktig fag, og at norsk skule har eit stort realfagsproblem.

– Veldig mange elevar skårar på eller under kritisk grense i matematikk. Veldig mange av dei elevane som stryk i yrkesfag, stryk ikkje i yrkesfaget sitt, men dei stryk i mattefaga.

Ikkje redd for lærarunderskot

– Allereie i dag er det underskot på lærarar. Med krav om karakteren 4 vil det bli mykje vanskelegare å kome inn på lærarutdanninga: vil ein ikkje då ende opp med eit gigantisk underskot på lærarar i åra som kjem?

– Det kan bety nokre færre søkarar som kjem inn i starten, men då vi løfta opptakskravet til 3 auka søkartala etter kvart, og no er dei rekordhøge. Vi ser og at gjennomføringa auka, seier Asheim.

– Vi kan gje elevane nok kunnskap

Asheim trur karakterkrav vil vere bra både for å få endå betre lærarar og for å løfte statusen til læraryrket. Løkkebø ved lærarutdanninga i Sogndal avviser argumentasjonen til Aasheim.

– Det er ingenting som tyder på at ein vert ein betre lærar om ein har karakteren 4 når ein går ut frå vidaregåande skule enn om ein har karakteren 3. Vi har stor tru på at vi klarar å gje studentane våre kunnskap nok til å bli gode lærarar, seier Løkkebø.