NRK Meny
Normal

Tonny kunne sikra vidare spel i eliteserien for Sogndal

Tony Brochmann bomma på kjempesjanse rett før full tid. Dermed vart det berre 0-0 for Sognda. Dette burde Sogndal avgjort, meiner NRK sin fotballekspert, Jon Navarsete.

Tonny Brochmann

KUNNE AVGJORT: Mot slutten av kampen kunne danske Tonny Brochmann sikra ny kontrakt for Sogndal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Han følgde kampen frå sidelinja, og kunne konstatere at den eine sjansen etter den andre hamna utanfor målet til Stabæk-målvakt Jan Kjell Larsen.

– Dette var rett og slett surt. I dag kunne Sogndal ha avgjort det heile til sin fordel og sikra vidare spel i eliteserien, meiner fotballeksperten.

Start tapte 1-3 for Odd Grenland, dermed har sørlendingane sju poeng opp til Sogndal. Taper dei for Fredrikstad komande laurdag, er Sogndal sikra ny kontrakt i eliteserien.

Sogndal heldt lenge presset oppe og etter 17 minutt kom fyrste målsjansen der Elvis utfordra Hedenstad i lufta. Minuttet etterpå fekk Brochmann sjansen men skaut rett på Stabæk-keeper Larsen. Det enda likevel med uavgjort til pause.

Enda mållaust

Også etter pause var Sogndal aggressive framover og Tore André Flo hadde meir enn ein sjanse til å sette ballen i mål. Etter det 64. minutt sendte fotballveteranen ei kule mot Stabækmålet men ballen gikk i stolpen.

Forsvaret til Sogndal sørga også denne kampen for få sjansar til motstandarane.

Heilt på tampen av kampen i det 88. minutt fekk Sogndal på ny ein kjempesjanse då Elvis lurte Stabæk-keeperen, sentra vidare til Brochmann som frå berre seks meters hald klarte å bomme på det opne målet.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.